Hopp til innhold
X
Innhald

Clearing

Clearing (engelsk, 'klarering', 'oppgjer', 'avrekning'), tidlegare mest brukt om den gjensidige avrekninga av sjekkar, vekslar o.l. mellom bankar.

Frå 1930-åra blei omgrepet også brukt om valuta-clearing mellom statar. Clearing skjedde på grunnlag av ein særleg betalingsavtale mellom to land og bestod i at valutaomsetninga mellom dei blei samla i sentralbankane, der gjensidige fordringar blei rekna mot kvarandre.

Etter andre verdskrigen blei clearingsystemet i stigande grad avløyst av ordningar som skal lette det frie varebytet mellom landa.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018