Hopp til innhold
X
Innhald

Dalar

Dalar, mynt (av tysk Thaler, eigentleg Joachimsthaler, etter bergverket Joachimsthal, som begynte å slå sølvmynt 1518). Den første av dei norske dalarane blei prega i 1546.

I Noreg heldt sølvmynten, riksdalar, verdien sin og blei kalla speciedalar, medan småmynten gjekk ned i verdi. Ein dalar i småmynt («courant», det vil seie i omløp) blei derfor kalla kurantdalar og var verd 4/5 speciedalar. Kurantdalaren blei delt i 6 mark à 16 skilling, i Noreg i 4 orter (eigentleg kvartar) à 24 skilling. Speciedalar blei i 1816 norsk mynteining, delt i 5 orter (også kalla mark) eller 120 skilling. Frå 1813 hadde Danmark riksdalar = 1/2 speciedalar. Ved overgang til kronemynt i 1872–74 var 1 speciedalar = 4 kroner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018