Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktsutbygging

Distriktsutbygging, omgrep for samfunnsøkonomiske tiltak med sikte på å skape større balanse mellom næringsforholda og levekåra i «utkantstrok» og dei meir sentrale delane av landet.

Distriktsutbygging har som mål å hindre fråflytting frå tynt busette strok. Midlane til dette blei tidlegare kanalisert gjennom Distriktenes Utbyggingsfond. No er oppgåvene samla under Innovasjon Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018