Hopp til innhold
X
Innhald

Dividende

Dividende (latin, eigentleg 'det som skal delast'), aksjonærane sin del av overskotet i ei bedrift eller kreditorane sin del av eit konkursbu.

Dividende blir som regel gitt i prosent, men for aksjar i aukande grad i kroner. Ved ein konkurs er dividende det beløpet konkurskreditorane (prioriterte eller uprioriterte) får, rekna etter forholdet mellom dei samla aktiva og passiva i buet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018