Hopp til innhold
X
Innhald

Effektiv rente

Effektiv rente, den renteavkastninga eit verdipapir gir når det blir teke omsyn til kursen på papiret, konverteringstida til lånet og amortiseringsmåten.

Nemninga blir også brukt om den renta ein betaler for eit lån når betalingstidspunktet for renter, avdrag, gebyr, provisjon o.a. er teke med.

Ved opptak av lån i bankar og finansieringsinstitusjonar har låntakaren krav på å få opplyst den effektive renta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018