Hopp til innhold
X
Innhald

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt, skatt på bruttoverdien av faste eigedomar. Reglane om eigedomsskatt er tekne ut av skattelova og samla i lov om eigedomsskatt til kommunane, frå 6.6.1975.

Det er ein frivillig sak for ein kommune om det skal utskrivast eigedomsskatt. Eigedomsskatten kan skrivast ut på ulike typar eigedom, mellom anna alle faste eigedomar, verk og bruk og næringseigedomar. Lova regulerer korleis ein skattlegg eigedom og skil mellom typar av eigedom. Offentlege eigedomar er fritekne for eigedomsskatt. Skatteprosenten skal vere mellom 2 og 7 promille av skattetaksten.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018