Hopp til innhold
X
Innhald

Eigendel

Eigendel, den delen av visse kostnader som kvar einskild som tek imot ei yting, må betale sjølv.

Ofte blir nemninga eigendel brukt om den delen av sosiale ytingar (til dømes helsetenester) som den som tek imot ytinga, må betale sjølv. Ved utgifter ut over eit visst beløp per år får då pasienten eit frikort, og staten dekkjer det overskytande, med visse unntak. Også forsikringar har ofte ein eigendel dersom forsikringa blir utbetalt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018