Hopp til innhold
X
Innhald

Emisjon


Emisjon (av latin emissio, 'bortsending', 'utsending'). Innanfor handel vil emisjon seie første gongs utskriving av verdipapir (aksjar eller obligasjonar) på marknaden.

Emisjonskurs er den kursen eit nytt verdipapir blir tilbydd til. I fysikken er emisjon det same som utstråling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018