Hopp til innhold
X
Innhald

EMS

EMS, European Monetary System, det europeiske valutasystemet, etablert innanfor EF (EU) i mars 1979 som ein etterfølgjar av det europeiske «slange»-samarbeidet.

European Currency Unit (ECU) spela ei sentral rolle i EMS. ECU var utrekningsgrunnlag for valutakursmekanismen og dessutan reserveobjekt, etablert ved at sentralbankane deponerte 20 prosent av gull- og dollarbehaldningane sine i European Monetary Cooperation Fund (EMCF). I 1999 innførte 11 av landa i EU euro som finansiell valuta, frå 2002 var euro mynteining i 12 land og i dag har 19 land euro som mynteining.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018