Hopp til innhold
X
Innhald

ENØK

ENØK, forkorting for energiøkonomisering, samleomgrep for tiltak som gjer det mogleg å dekkje energibehovet til ein lågare samfunnsøkonomisk kostnad.

Oftast blir ENØK brukt om tiltak som reduserer sjølve energibehovet, til dømes betre isolering av bygg. Skal noko reknast som eit ENØK-tiltak, må det vere billigare å utføre tiltaket enn å auke energitilførselen. Også ein overgang frå dyrare til billigare typar energi blir rekna som ENØK-tiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018