Hopp til innhold
X
Innhald

Femårsplan

Femårsplan, samla statleg plan for oppbygging og utvikling av næringslivet i eit land.

I den tidlegare Sovjetunionen, SSSR, blei den første femårsplanen utarbeidd for perioden 1928–33, med særleg vekt på tungindustrien. Den sjette femårsplanen (1956–60) blei frå 1959 avløyst av ein sjuårsplan, dernest i 1961 av ein 20-års perspektivplan, samtidig som dei ordinære femårsplanane heldt fram etter andre verdskrigen og fram til Sovjetunionens fall.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018