Hopp til innhold
X
Innhald

Forsikring

Forsikring, har som mål å gi vern mot økonomiske følgjer av framtidige hendingar som kan reknast som tilfeldige, til dømes dødsfall, brann eller ulykke.

Gjennom forsikringsselskap fordeler ein risikoen på fleire, og den einskilde sitt tap blir overført til fellesskapet.

Det forsikringstakaren betaler til forsikringsselskapet, blir kalla forsikringspremie eller forsikringspris. Denne prisen blir fastsett på førehand, med grunnlag i statistiske erfaringar og utrekningar. For at utrekningane skal vere statistisk pålitelege, må talet på forsikringstakarar være stort. Ulike kundegrupper kan ha ulik premie/pris når risikostatistikk eller andre utrekningar tilseier det. <NB: Omgrepet pris (for premie) breier etter kvart om seg.>

Forsikringsselskapa overfører ein del av risikoen til andre selskap i inn- og utland (ko- og reassuranse). Risikoen for dei verdiane som er konsentrerte til dømes i oljeverksemd, skipsfart, storindustri, flytrafikk osv., blir på den måten fordelt på den internasjonale forsikringsmarknaden. Risiko som gjeld privatpersonar, blir dekt gjennom eit stort utval av forsikringsformer, og gjennom ordningar av gruppe- eller kollektivforsikring som prøver å gi forsikringstakarane omfattande forsikringsdekning for ein lågast mogleg forsikringspremie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018