Hopp til innhold
X
Innhald

Garanti

Garanti, når ein person, eit firma eller ein institusjon (bank, forsikringsselskap, kommune) står inne for ein annan si oppfylling av ei plikt, eller for bestemte forhold ved oppfylling av eigen kontrakt.

I statsretten blir nemninga garanti brukt om reglar som tek sikte på å verne den einskilde borgaren mot overgrep frå statsmakta (jf. til dømes Grunnlova §§ 96, 97 og 105). Å garantere vil seie å gå god for eller sikre. Ein garantist er den som sikrar eller står inne for.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018