Greshams lov
Greshams lov, at «slett mynt fordriv god frå sirkulasjonen», har namn etter Sir Thomas Gresham (1519–1579), som grunnla børsen i London i 1565.
Lova seier at folk hamstrar dei gode myntane og nyttar dei dårlege i omsetninga. Greshams lov er aktuell når verdien til ein mynt også kjem an på vekta og verdien av metallet som er brukt.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 17.12.2018