Hopp til innhold
X
Innhald

Groschen

Groschen, tysk sølvmynt frå 1300-talet, opphavleg frå Böhmen.

I mellomalderen var 1 Groschen lik 12 Pfennige, seinare 1/24 Taler (Thaler) eller 1/30 prøyssisk Taler. Groschen var i bruk til 1873.

Groschen var også ein skiljemynt i Austerrike, verdt 0,01 Schilling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018