Hopp til innhold
X
Innhald

Gruppelivsforsikring

Gruppelivsforsikring, kollektiv livsforsikring for ei gruppe personar som er knytte til kvarandre i ei bedrift eller ein organisasjon.

Ei gruppelivsforsikring er billigare enn ei individuell forsikring, mellom anna fordi ho krev mindre administrativ helsekontroll av den einskilde. Gruppelivsforsikringar har hatt stor framgang dei siste tiåra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018