Hopp til innhold
X
Innhald

Gullstandard

Gullstandard, myntsystem som byggjer på gullet som verdimålar. Dei fleste land gjekk over til gullstandard mot slutten av 1800-talet.

I Noreg blei gullstandarden innført ved lov i 4.6.1873. Lova tredde ikkje i kraft, men blei avløyst av ei ny lov 17.4.1875, som fastsette kroneverdien til 0,40323 gram fint gull.

Føremålet med gullstandarden var å halde pengeeininga i eit land i eit fast verdiforhold til gull, i tråd med landet si myntlov. Setelbanken var forplikta til å løyse inn setlar mot gull til den prisen lova sette, og til å utlevere setlar mot innlevering av gull, noko som var avhengig av fri inn- og utførsel av gull. Ved ein effektiv internasjonal gullstandard kunne pengeeininga i kvart land, teoretisk sett, kjøpe eit varekvantum som svarte til kjøpekrafta til den gullmengda pengeeininga var fastsett til.

I Noreg galdt gullstandarden til 1914, og så i ein periode frå 1928 til 1931.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 29.11.2019