Hopp til innhold
X
Innhald

Gylden

Gylden, tysk (nederlandsk Gulden), eigentleg ein mynt av gull, opphavleg ei etterlikning av florinar frå Firenze.

Gylden var tysk gullmynt frå 1300-talet, og frå 1679 til 2001 var Gulden mynteining i Nederland. Gylden var også namn på ein sølvmynt (i Tyskland til ca. 1870).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018