Hopp til innhold
X
Innhald

Investere

Investere (av latin investire, 'kle på'), setje inn kapital. Ei investering er ei kapitalplassering, det vil seie ei binding av midlar for ei viss tid.

Vi skil mellom investering i realkapital (realinvestering) og i fordringskapital (finansinvestering). I nasjonalrekneskapen kjem investeringar inn under den delen av nasjonalproduktet som ikkje kjem inn under forbruk eller eksportoverskot.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018