Hopp til innhold
X
Innhald

Kapital

Kapital (av latin caput, 'hovud'), ein sum pengar eller eit gode som utgjer ein bestemt pengeverdi.

Realkapital er fysiske produksjonsmiddel (både naturgitte, til dømes jord og naturressursar, og produserte, til dømes maskiner). Finanskapital er alle slags fordringar, også gjeld, som er ei negativ fordring. Fast kapital er bunde til produksjonsmiddel, flytande kapital i ting som kan skiftast ut, til dømes varer på eit lager. Død kapital er kapital som er ute av bruk.

Privatøkonomisk kapital kan ein skaffe seg ved sparing, det vil seie ved at ein held utgiftene lågare enn inntekta.

I ei bedrift skil ein mellom anleggskapital, som er plassert i bygningar, maskiner o.l., og driftskapital, som blir brukt til lønsutbetalingar, kjøp av råvarer osv. Jf. eigenkapital.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018