Hopp til innhold
X
Innhald

Kartell

Kartell, i økonomisk samanheng ein avtale mellom, eller ei samanslutning av, næringsdrivande om felles prisar og salsvilkår, eventuelt også produksjonsregulering.

Kartellverksemd er ikkje tillate i Noreg utan dispensasjon. Nemninga kartell blir òg brukt om samanslutningar generelt, til dømes LOs kartell. Innanfor folkeretten blir kartell brukt om overeinskomstar mellom krigførande makter om krigsfangar o.l.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018