Hopp til innhold
X
Innhald

Kaskoforsikring

Kaskoforsikring (av spansk casco, 'skrog'), forsikring av transportmiddel (til dømes skip, motorkøyretøy eller fly) mot materiell skade eller tap, men ikkje last (cargo) eller personskade.

Ei kaskoforsikring dekkjer også ein del av ansvaret som eigaren kan pådra seg ved kollisjonar o.l.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018