Hopp til innhold
X
Innhald

Kollektiv forsikring

Kollektiv forsikring, forsikringsordning som dekkjer alle i ei nærmare definert gruppe, til dømes av arbeidstakarar, yrkesutøvarar, foreiningsmedlemer o.a.

Kollektive forsikringar gir ein stor rasjonaliseringsvinst og dermed lågare forsikringspremie for den einskilde deltakaren. Eit vanleg døme på kollektiv forsikring er pensjonsforsikring. Ei kollektiv forsikring blir ofte betalt av arbeidsgivaren, men elles finst tilbodet også gjennom ulike typar foreiningar. Sjå også livsforsikring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2018
Sist oppdatert: 17.12.2018