Hopp til innhold
X
Innhald

Konnossement

Konnossement (av latin cognoscere, 'lære å kjenne', engelsk Bill of Lading), eit juridisk dokument som blir utskrive av eller på vegner av den som står ansvarleg for lasta ved frakt på internasjonal sjøveg.

Konnossement fungerer som bevis på at gods av ein bestemt art og ei bestemt mengd er motteke (mottakskonnossement) eller lasta inn og avtalt frakta til ein oppgitt destinasjonsstad (ombordkonnossement.)



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018