Hopp til innhold
X
Innhald

Kontrabande

Kontrabande (av latin contra, 'mot', og bannum, 'påbod'), smuglargods, eigentleg gods som det er forbode å føre inn i landet.

Krigskontrabande er varer som ein utanforståande nøytral stat sender til den eine av to krigførande partar, og som den andre parten ser på som krigsviktige og derfor har erklært som kontrabande.





 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018