Hopp til innhold
X
Innhald

Koppskatt

Koppskatt (av tysk Kopf, 'hovud'), personskatt som blir kravd inn med same beløp eller yting per hovud, uavhengig av økonomisk evne.

Koppskatt blei mykje brukt i mellomalderen, men er gått ut av bruk i vestlege land. I 1891 blei koppskatt i Noreg brukt som politisk verkemiddel for å utvide stemmeretten, som den gongen var knytt til census-systemet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018