Hopp til innhold
X
Innhald

Kurs

Kurs (frå latin cursus, 'løp'), marknadsprisen på valuta, verdipapir, edle metall osv.

Valutakursar blir noterte dagleg på valutabørsar. Aksjar og obligasjonar blir noterte på fondsbørsen. Både seljar-, kjøpar- og omsetningskurs blir det opplyst om på børsnoterte papir.

Innanfor sjøfart er kurs vinkelen mellom nord–sør-linja og a) kjøllinja på eit fartøy (styrt kurs) eller b) fartsretninga til eit fartøy i forhold til havbotnen (halden kurs).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018