Hopp til innhold
X
Innhald

Landskyld

Landskyld, den avgifta som ein leiglending i eldre tid betalte til jordeigaren for bruksrett til eit jordstykke.

Omkring år 1300 utgjorde landskylda i Noreg i gjennomsnitt 1/6 av gardsproduksjonen av åker og februk (noko høgare i Trøndelag, noko lågare på Austlandet), men fall til ca. 20–25 prosent av tidlegare nivå i seinmiddelalderen. Jf. bygsel.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018