Hopp til innhold
X
Innhald

Leasing

Leasing (frå engelsk lease, 'leige'). Omgrepet leasing oppstod først ved leige av maskiner og utstyr frå spesialiserte leasingselskap. I dag kan dei fleste kapitalvarar leasast, til dømes bilar.

Leiga blir ofte fastsett på ein måte som gjer at leigetakaren ved utløpet av den avtalte minste leigetida i månadlege beløp har betalt full kjøpesum for det som er lånt/leigt, pluss kostnader, rente og forteneste for selskapet. Deretter kan leigeforholdet halde fram til svært redusert leige så lenge leiketakaren ønskjer det.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018