Hopp til innhold
X
Innhald

Legat

Legat (av latin legare, 'sende ut', 'utnemne', 'testamentere', av partisippforma legatus, 'utsending'), opphavleg ein utsending frå senatet i det gamle Roma, seinare om paveleg sendebod, no vanlegvis kalla nuntius.

Eit legat (av partisippforma legatum) er ei utsegn om ein siste vilje ved eit testament eller liknande som set inn ein person, legat, som mottakar av ein del av arven når arvelataren døyr.

Nemninga blir også brukt om midlar som ved testament eller gåvebrev er avsett til eit bestemt formål.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018