Hopp til innhold
X
Innhald

Likvid

Likvid (av latin liquidus, 'flytande'). Ei likvid fordring er ei rettskraftig, godteken, forfallen fordring. Likvide midlar er kontantar og verdipapir som raskt kan gjerast om til kontantar.

Å likvidere vil seie å oppløyse, avvikle eller avlive. Likvidasjon er oppløysing eller avvikling av eit forretningsføretak. Eit likvidasjonsstyre tek seg av avviklinga.

Likvidering er avliving eller avretting på ein systematisk og ofte skjult måte.

Likviditet er forholdet mellom likvide midlar og kortsiktig gjeld i eit føretak – eller evna til å betale eit pliktig beløp ved forfall.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018