Hopp til innhold
X
Innhald

Livsforsikring

Livsforsikring, privat kapital- eller renteforsikring som skal erstatte det økonomiske tapet som oppstår ved død, uførleik eller som følgje av alderdom.

Det finst to hovudtypar av livsforsikringar: forsikring med risiko for død og forsikring med leverisiko. Eit forsikringsselskap som overtek ein risiko for død, tek på seg å utbetale ein sum anten kontant eller i form av årlege ytingar (enkjepensjon og barnepensjon) dersom den forsikra døyr før eit tidspunkt som er fastsett i forsikringspolisen. Overtek selskapet ein leverisiko, skal ytinga utbetalast frå det tidspunktet den forsikra har nådd ein på førehand avtalt alder, som regel med årlege beløp livet ut.

Livsforsikring er vanlegvis knytt til uførerisiko, så forsikringstakaren slepp å betale premiar, og/eller det blir utbetalt uførerente, ved bestemte grader av arbeidsuførleik. Karakteristisk for livsforsikring er at ein kan kombinere risiko med sparing, mellom anna slik som i desse forsikringsformene:

Samansett livsforsikring: Forsikringssummen blir utbetalt ved død eller seinast ved ein viss alder.

Rein risikoforsikring: Blir utbetalt berre dersom den forsikra døyr i den avtalte forsikringstida.

Gruppelivsforsikring: Ei kollektiv personforsikring som har hatt sterk vekst i dei seinare åra. Det er ei rein risikoforsikring for ei arbeidstakar- eller foreiningsgruppe. Premien blir fastsett som eit gjennomsnitt for gruppa, og ei slik forsikring blir billigare enn ei individuell forsikring. Også her finst det fleire former som kan kombinerast, mellom anna med omsyn til dei ytingane ein får gjennom folketrygda.

Ei samansett livsforsikring kan tilbakekjøpast. Ein får då tilbake polisen sin premiereserve, med frådrag for visse ikkje-betalte kostnader.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018