Hopp til innhold
X
Innhald

Matematisk verdi

Ein verdi som blir sett ved matematiske utrekningar, til forskjell frå verdiar som kan fastsetjast på grunnlag av tilbod og etterspørsel, ved skjønn o.l.

Den matematiske verdien blir rekna ut mellom anna ved å diskontere ei rekkje framtidige betalingar. Den matematiske verdien av aksjar finn ein ved å dele eigenkapitalen i selskapet på talet på aksjar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018