Hopp til innhold
X
Innhald

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift, avgift som skal betalast av ei vare sin prisauke eller meirverdi frå eitt omsetningsledd til det neste, ofte forkorta til mva., også kalla moms.

Den generelle satsen for meirverdiavgifta er 25 %, for næringsmiddel 15 % og for persontransport, overnatting på hotell og kinobillettar 10 %. Meirverdiavgift blei innført i Noreg i 1970 og erstatta den tidlegare alminnelege omsetningsavgifta. Innanlands omsetning av ei rekkje varer og tenester er fritekne frå avgifta. Det gjeld mellom anna aviser, sal av eigne kunstverk, persontransport, bank- og forsikringstenester og helsetenester.

Frå 1.7.2001 er det generell meirverdiavgiftsplikt på omsetning av tenester. Det inneber at alle tenester er avgiftspliktige, med mindre lova seier uttrykkjeleg at dei er fritekne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018