Hopp til innhold
X
Innhald

Mynt

Mynt (latin moneta), tilnamn til den romerske gudinna Juno. Det var i hennar tempel i Roma myntverkstaden i byen låg.

Ein mynt er eit pengestykke framstilt i ein serie, nesten alltid av metall, med ein pålydande verdi eller eit preg til garanti for ein viss verdi. Utsjånaden og funksjonen til ein mynt er bestemt ved lov. Den sida av eit pengestykke der verdien er prega, blir òg kalla mynt.

Nemninga blir også brukt om ein myntverkstad, til dømes «Den kongelige mynt» i Kongsberg, «Mynten», etablert i 1686. Ved lov av 22.12.1961 er det norske myntvesenet overteke av Noregs Bank. Utmynting av skiljemynt skjer for Noregs Bank si rekning.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018