Hopp til innhold
X
Innhald

Næringsfridom

Næringsfridom, fridom til å drive næringsverksemd utan inngrep frå overordna styresmakter.

Omgrepet næringsfridom oppstod på 1700-talet og er eit vesentleg trekk ved økonomisk liberalisme, som hadde si blomstringstid i andre halvdel av 1800-talet.

Seinare er næringsfridomen blitt redusert i nesten alle land. I Noreg blei handverksfridom gjennomført i 1839, handelsfridom i 1842. Den vidare utviklinga har ført til store reduksjonar i næringsfridomen, mellom anna gjennom statlege monopol og gjennom konsesjons- og miljølovgiving.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018