Hopp til innhold
X
Innhald

Omsetnadsavgift

Omsetnadsavgift, også kalla omsetnadsskatt, avgift som blir betalt til det offentlege ved omsetnad av eigedomar, varer eller tenester.

Omsetnadsavgifter av ulikt slag har vi hatt i Noreg og i dei fleste andre land i lang tid. Fram til 1935 var det i Noreg berre avgift på eit visst utval av vareslag, men frå 1935 og til 1969 hadde vi alminneleg omsetnadsavgift på dei fleste varer. Omsetnadsavgifta blei avløyst av meirverdiavgift frå 1.1.1970.

Framleis har vi ei rekkje særlege omsetnadsavgifter, eller særskattar, etter varierande satsar, til dømes ved omsetning av vin og brennevin, tobakksvarer, øl og mineralvatn, sjokolade og sukkervarer osv.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018