Hopp til innhold
X
Innhald

Pengar

Pengar, konkrete betalingsmiddel som er påført ein verdi, noko som uttrykkjer forholdet til ei fastsett pengeeining.

Eit viktig trekk ved pengar er at dei er tvungne betalingsmiddel, det vil seie at ein kreditor er nøydd til å godta dei som betaling for gjeld. Pengar var opphavleg myntar. Pengesetlar blei vanlege på 1700-talet og blei godtekne fordi den som skreiv ut setlane, garanterte at dei kunne løyse setlane inn i sølv eller gull. Gullinnløysing blei oppheva i Noreg 1931, og våre dagars pengar har berre verdi fordi dei er godtekne av alle som betalingsmiddel.

Størstedelen av det som blir rekna som pengar, er i dag verken myntar eller setlar, men innskot i bankar. Til betaling bruker vi då ofte ikkje setlar og myntar, men kredittkort, bankkort eller giro, som formelt sett er bevis på at eigedomsretten til pengar på ein konto kan overførast til ein annan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018