Hopp til innhold
X
Innhald

Pensjonsforsikring

Pensjonsforsikring, ei kollektiv forsikring som blir brukt av både private og offentlege arbeidsgivarar ved innføring av pensjonsordningar for personalet.

Einskildpersonar kan teikne individuelle pensjonsforsikringar dersom dei ønskjer ekstra ytingar i tillegg.

Ei pensjonsforsikring kan teiknast i eit livsforsikringsselskap og bli rekna som ein del av lønsavtalen. Når ein arbeidstakar sluttar i stillinga før pensjonsalderen, kan vedkomande få ein individuell polise med eit redusert pensjonsbeløp, eller fullt pensjonsbeløp dersom han eller ho held fram med premiebetalinga. Forsikringspremiar kan innanfor visse grenser gi skattefrådrag, men utbetalt pensjon skal skattast fullt ut.






 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018