Hopp til innhold
X
Innhald

Prisindeks

Prisindeks, indeks som viser prisendringar for varer og tenester over bestemte periodar. Prisane blir alltid relaterte til prisane på eit bestemt tidspunkt, eit såkalla basisår.

Dei mest kjende indeksane i Noreg er konsumprisindeksen (som blir utrekna på grunnlag av eit gjennomsnittsforbruk per hushald), engrosprisindeksen og produsentprisindeksen. Indeksane blir utrekna av Statistisk sentralbyrå.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018