Hopp til innhold
X
Innhald

Rekambio

Rekambio (frå italiensk, 'tilbakebyte'), handelsuttrykk i samansetningar som rekambiokonto, konto for regresskrav eller for mislighaldne vekslar.

Rekambioveksel, eller motveksel, er ein siktveksel trekt for å løyse eit regresskrav. Rekambiorekning, eller returrekning, er ei spesifisert oppstilling av eit regresskrav.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018