Hopp til innhold
X
Innhald

Royalty

Royalty, inntekt på grunnlag av opphavsrett, oftast rekna som ein prosent av salsinntekter eller liknande.

Royalties blir vanlegvis brukt i forlagskontraktar, patent- og lisensavtalar, avtalar om plateproduksjon eller ved framføring av kunstverk. Omgrepet blir også brukt om den produksjonsavgifta rettshavarane i oljeindustrien må betale til staten.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018