Hopp til innhold
X
Innhald

Samfunnsøkonomi

Samfunnsøkonomi, vitskap om forholdet mellom produksjon, omsetning, fordeling og forbruk av goda i samfunnet. Andre, og eldre, omgrep er nasjonaløkonomisosialøkonomi og statsøkonomi.

Samfunnsøkonomien kan delast inn i makroøkonomi og mikroøkonomi. Samfunnsøkonomi er ein relativt ny vitskap. Han blir vanlegvis ført tilbake til Adam Smith sitt banebrytande verk An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations (1776). Den såkalla klassiske samfunnsøkonomien blei utforma av Smith sine etterfølgjarar, britane David Ricardo, Thomas R. Malthus og John Stuart Mill.

Karl Marx (1818–1883) sine til dels banebrytande studiar fekk meir å seie for politikken enn for samfunnsøkonomien som vitskap. Medan dei klassiske samfunnsøkonomane var talsmenn for økonomisk liberalisme, kom nye synsmåtar fram med briten John Maynard Keynes (1883–1946), som mellom anna meinte at den totale inntekta i eit samfunn er bestemt av summen av forbruk og investeringar. Noko av bakgrunnen for denne teorien var arbeidsløysa i 1930-åra. Ideane til Keynes fekk store følgjer for den praktisk-økonomiske politikken i heile den vestlege verda. Keynes blei seinare imøtegått av dei såkalla monetaristane, mellom anna Milton Friedman (1912–2006). I nyare tid er koplinga mellom empiri og teori blitt viktigare i samfunnsøkonomien. I tillegg har kunnskapen om til dømes asymmetrisk informasjon og spelteori auka mykje.

Økonometri er eit sentralt metodefag i samfunnsøkonomien. Utviklinga av økonometrien starta mellom anna med dei norske økonomane Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo, som la vekt på statistiske metodar for å teste teoriar og talfeste samanhengar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018