Hopp til innhold
X
Innhald

Sjekk

Sjekk, formbunden melding der utskrivaren (trassenten) som kontohavar bed (trassat-)banken sin om å betale ein bestemt sum pengar til betalingsmottakaren (remittenten).

Betalinga blir først rekna som endeleg når utskrivaren sin konto er belasta. Sjekk er lite i bruk i dag. Reglane om sjekk er nærmare lovregulerte i sjekklova av 1932. Overtrekk av ein sjekk er straffbart. Særreglar om ansvar gjeld mellom anna ved endossement (diskontering), stadfesting (frå banken om kontodekning) osv.





 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018