Hopp til innhold
X
Innhald

Skattar

Skattar, dei pengeytingane som det offentlege krev av borgarane utan at det blir gitt direkte motytingar.

Etter Grunnlova har berre Stortinget rett til å påleggje skatt. Stortinget bestemmer skattane dels gjennom vanleg lovgiving, dels ved avgjersler i plenum. Retten til skattlegging kan delegerast til kommunar og fylkeskommunar, men skattar kan berre påleggjast for eitt år om gongen.

Direkte skattar er skattar som ikkje skal eller kan veltast over på andre. Dei viktigaste er eigedomsskatten, formuesskatten og inntektsskatten, og dessutan trygdeavgifta.

Indirekte skattar skal i siste omgang berast av andre enn den som er ansvarleg for innbetalinga. Den viktigaste indirekte skatten er meirverdiavgifta. Andre døme er investeringsavgifta, dei ulike tollavgiftene og særavgifter på til dømes fossilt drivstoff, alkohol- og tobakksvarer og eingongsavgifta på bilar.

Eigedomsskatten er den eldste av dei direkte skattane. Hos oss er denne skatten kommunal. Det er kommunestyret som avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt. Eigedomsskatten skal vere på minst 2 og maksimalt 7 promille av takstgrunnlaget.

Formues- og inntektsskatt skal betalast i forhold til den einskilde skattytaren si økonomiske bereevne, det såkalla skatteevneprinsippet. Generelt er dei skattepliktige i Noreg personar som er busette i landet, og dessutan selskap, næringsdrivande osv. som er høyrer heime her. Dei skattepliktige skal i utgangspunktet svare skatt til Noreg av heile formuen og inntekta, også formue og inntekt i utlandet. Personar og selskap osv. som er heimehøyrande i utlandet, har berre avgrensa skatteplikt til Noreg.

Formuen skal som hovudregel setjast til salsverdien av skattytaren sin rørlege og urørlege eigedom og uteståande fordringar, med frådrag av skattytaren si gjeld. I tillegg til renter av formue, livrente og pensjonar osv. blir ein kvar fordel vunne ved eigedom, kapital, arbeid og verksemd, med visse avgrensingar gjeld det også gevinstar, skattlagde som inntekt. Ein del inntekter er likevel fritekne for skattlegging.

Frådragspostane omfattar som hovudregel utgifter som skatteytaren har i samband med innkjøp, sikring eller vedlikehald av inntekt. Lønstakarar og pensjonistar kan velje eit såkalla «minstefrådrag» som alternativ til frådrag for faktiske utgifter. Visse inntektsfrådrag kan ein òg krevje når ein har utgifter til forsørging av andre.

Personlege skattytarar skal betale forskot på skatten i sjølve inntektsåret («skatt av årets inntekt»). For arbeidstakarar skjer dette ved at arbeidsgivarane gjer forskotstrekk i samband med lønsutbetalingar. Selskap og andre næringsdrivande betaler forskotsskatt i faste terminar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018