Hopp til innhold
X
Innhald

Skattemelding

Skattemelding (tidlegare sjølvmelding), spesifisert oppgåve over eigen formue og eiga inntekt i løpet av eit år. Oppgåva skal rapporterast til skatteetaten på eit eige skjema.

Dei fleste lønstakarar og pensjonistar får tilsendt ei skattemelding som er fylt ut på førehand, og så må ein kontrollere og eventuelt justere opplysningane. Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april kvart år, for næringsdrivande 31. mai. Dei aller fleste skattemeldingar blir i dag leverte elektronisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018