Hopp til innhold
X
Innhald

Sosiale trygder

Sosiale trygder, ulike trygdeordningar for folk som treng hjelp til livsopphald.

Etter 1945 kom det ei omfattande norsk sosiallovgiving med sikte på ei allmenn folketrygd. Det viktigaste startpunktet var lova av 6.7.1957 om alderstrygd (utan behovsprøving, behovsprøvd alderstrygd var innført 1936), lov av 22.1.1960 om attføringshjelp for behandling og utdanning, eventuelt omskulering av uføre, og lov av same dato om uføretrygd, med ytingar som i alderstrygda, vidare lov av 26.4.1963 om forsørgjartrygd for barn og lov av 20.6.1964 om enkje- og morstrygd.

Frå den same perioden blei fleire andre trygdeordningar utvida. Arbeidsløysetrygda (lov av 28.5.1959) blei gjord obligatorisk for dei fleste arbeidstakarar. Yrkesskadetrygda (lov av 12.12.1958) blei utvida mellom anna til også å omfatte skuleborn og studerande ungdom.

Dei nemnde grunntrygdene er no samla i folketrygda, som er regulert i lov om folketrygd. Tidlegare var det (det no nedlagde) Rikstrygdeverket som forvalta trygdene, men alt som i dag ligg inn under folketrygda, er administrert av NAV.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.12.2018
Sist oppdatert: 18.12.2018