Hopp til innhold
X
Innhald

Statsbudsjett

Statsbudsjett, overslag over staten sine inntekter og utgifter for komande budsjettår, i Noreg vedteke av Stortinget etter forslag frå regjeringa.

Statsbudsjettet skal vere vedteke før det nye budsjettåret startar, og det blir lagt fram i byrjinga av oktober som ein stortingsproposisjon (St.prp. nr. 1). I fleire land vedtek ein statsbudsjettet som lov, ei såkalla finanslov.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018