Hopp til innhold
X
Innhald

Statsgjeld

Statsgjeld, staten si gjeld til innan- og utanlandske kreditorar.

Ein skil mellom fast statsgjeld (lån i form av obligasjonar, ofte med lang løpetid) og flytande statsgjeld (lån opptekne i setelbanken eller i form av kortsiktige statsvekslar o.l.). Statslån i utlandet blir vanlegvis tekne opp for å finansiere utbygging i litt større målestokk. Den norske staten har i dag berre innanlandske kreditorar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018