Hopp til innhold
X
Innhald

Subsidiar

Subsidiar (av latin subsidium, 'støtte'), hjelp eller finansiell støtte, mest brukt om pengestøtte til produsentar for å halde prisane på visse varer nede.

Subsidiar kan også bli gitt for å fremje ei bestemt næring eller hjelpe henne over ei akutt krise. Skjulte subsidiar kan til dømes vere kunstig låge prisar på elektrisk kraft til spesielle formål. Å subsidiere vil seie å gi støtte gjennom subsidiar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.12.2018
Sist oppdatert: 19.12.2018